lørdag 21. april 2012

Ei lita forvandling


I dag har eg vore heime med to jenter som vi trur har vannkopper på veg...Men sjølv om dei har krevd sitt, har det blitt tid til litt hobby og:)
Denne settehylla lagde eg i sløyden på barneskulen. Vi hadde eit friprosjekt og kunne lage kva vi ville, så derfor blei denne hylla til.
Men no syns eg det var på tide med ei lita fornying av settekassa. Så med restemaling og tapetprøver syns eg resultatet blei ganske fint.

Eg er og veldig lei av å ha skitne smekker hengande framme, så dei blei degradert til fordel for nyteipa kleshengere:) Spørs vel kanskje kor lenge dei korta blir hengande på snora, men det er jo lov til å prøve:)


                                                 Før                                          Etter


 Men det vanskligaste gjenstår... Syns nemlig at det å finne ting å ha i settehylla ikkje er så veldig lett..Det ser så fort rotete ut...
Eg får gruble litt på det:)

Fin lørdag til alle!

1 kommentar:

  1. Ja, det er goey naar folk legger kommentarer paa bloggen;-) Settekassa blei superfin!

    SvarSlett

Tusen takk for alle kommentarer! Det gjer meg så glad:)